07.10.2016

Sjukdomsresistente grisar med CRISPR-teknologi

Gris

Foto: Shutterstock

Avlsselskapet Norsvin ønskjer å lage grisar som er motstandsdyktige mot ein alvorleg sjukdom som fører til mykje liding og store økonomiske tap.

Av Sigrid Bratlie Thoresen i tidsskriftet Genialt

Sjukdom er ei av  dei største utfordringane for husdyrproduksjon i mange land. Til dømes fører den alvorlege sjukdommen PRRS (Porcine Reproductive and Respiratory Syndrome) til nedsett fruktbarheit, redusert vekst og død hos eit stort tal grisar i Asia, Nord-Amerika og Europa kvart år. PRRS kostar grisebøndene i USA åleine over 650 millionar dollar årleg.

Sjukdommen er eit problem i dei fleste svineproduserande landa i verda, med unntak av Noreg, Sverige, Finland og Sveits. Forskarar har funne ut at viruset er avhengig av eit gen med namnet CD163 for å kunne infisere grisecellene. Dersom dette genet ikkje er aktivt i grisane, vil dei vere resistente mot sjukdommen. Det har likevel så langt ikkje lukkast nokon å avle fram PRRS-resistente grisar med tradisjonelle metodar. Andre tilnærmingar, som vaksinering, har heller ikkje vore vellukka.

Ny teknologi gjev nye moglegheiter

I desember 2015 annonserte det amerikanske avlsselskapet Genus at dei ved hjelp av genredigeringsmetoden CRISPR/Cas9 hadde klart å lage grisar som er resistente mot PRRS. I samarbeid med University of Missouri hadde dei inaktivert CD163-genet i griseembryo. Desse grisane heldt seg friske i heile testperioden etter å ha vorte smitta med viruset, i motsetnad til grisar som ikkje hadde fått den genetiske endringa.

Eli Grindflek holder en gris

CRISPR-redigerte grisar kan gje vesentleg auka dyrevelferd, meiner Eli Grindflek, forskingssjef i Norsvin. Foto: Norsvin

Nyheita fekk stor merksemd hos avlsselskap verda over, som til dømes Norsvin.

– Vi driv utvikling, produksjon og sal av svinegenetikk, og rundt 80 prosent går til den internasjonale marknaden. USA er den største enkeltmarknaden. At ein av dei største konkurrentane våre har lukkast med å lage PRRS-resistente grisar, kan føre til at vi mistar mykje av forretningsgrunnlaget vårt, fortel Eli Grindflek, forskingssjef i Norsvin.

Les også: Klare for genredigering?

Ein aktuell debatt

Det kan derfor no bli nødvendig for Norsvin å vurdere bruk av genredigeringsteknologi for sjølve å framstille PRRS-resistente grisar.

– I tillegg til auka produktivitet og økonomisk vinst vil dette kunne gje vesentleg auka dyrevelferd ved å spare grisar for store lidingar som følgjer av sjukdommen. Avgjerda vil vere avhengig av kva reguleringar som gjeld, seier Grindflek.

I Noreg og EU vil genredigerte dyr etter alt sannsyn bli underlagde dei føresegnene for genmodifiserte organismar (GMO) som alt finst i dag.

– Dette vil i så fall seie at ein må gjere ein omfattande risikovurderingsprosess før produkta kan bli godkjende, og dette vil gjere Norsvin lite konkurransedyktige samanlikna med konkurrentane i USA, seier Grindflek.

Samtidig går det også ein debatt i EU på om ein skal gjere unntak i GMO-reguleringa for genredigerte organismar som ikkje inneheld framandt genmateriale.

Les også: Friskare jordbær med CRISPR?

Flyttar utanlands?

Fram til dette er avklart, vil moglegheitene for og konsekvensane av å ta i bruk teknologien vere svært lite føreseielege, meiner Grindflek, som seier eitt alternativ vil vere å vurdere å flytte delar av avlsarbeidet utanlands, til dømes til USA. Dette er likevel uønskt sett frå eit smittevernperspektiv.

Ho understrekar i tillegg at genredigerte grisar, dersom dei blir regulerte som GMO i Noreg og EU, må merkjast som genmodifiserte når dei blir selde til forbrukarane.

– Dersom det viser seg at den generelle skepsisen blant forbrukarar mot «GMO-mat» er stor, kan dette også gjere at vi ikkje tek sjansen på å ta i bruk teknologien, sjølv om han kan bidra til meir berekraftig matproduksjon, seier Grindflek.

Siden ble opprettet: 07.10.2016. Siden ble oppdatert: 07.10.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Første GMO-laks solgt som mat

10.11.2017

Genmodifisert fisk er for første gang solgt i.. Les mer »

Biobanken i Østfold er klar for innskudd

10.11.2017

Sykehuset Østfold skal samle biologisk materiale fra pasienter.. Les mer »

Frokostforedrag 29. november: Persontilpasset medisin

09.11.2017

Hva er persontilpasset medisin og hva betyr det.. Les mer »

Toppform i pilleform

07.11.2017

En pille som etterligner kroppens reaksjon på trening.. Les mer »

Fremtidens regulering av genmodifiserte organismer

03.11.2017

Åpent møte med pressekonferanse og lansering av Bioteknologirådets.. Les mer »

Sjå video: Dag Hessen om arv og miljø

03.11.2017

Sjå Dag Hessen sitt frukostforedrag om arv og.. Les mer »

Sjå video: Ein digital laks

25.10.2017

  Sjå Jon Olav Vik sitt frukostforedrag om.. Les mer »

Frokostforedrag 1. november: Dag Hessen om arv og miljø

20.10.2017

Tid: 1. november kl. 8.30-9.30 (frokost fra 8.15).. Les mer »

Den digitale laksen

19.10.2017

Norske forskarar lagar ein digital modell av oppdrettslaksen for å.. Les mer »

Frukostforedrag 25. oktober: Ein digital laks

04.10.2017

 «Om tjue år er det neppe lov å.. Les mer »

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter