Informasjonsmateriell

Informasjonshefte og -brosjyre om gentesting av befrukta egg

Forside av PGD-hefteBioteknologirådet har laga eit hefte og ein brosjyre om gentesting av befrukta egg (preimplantasjonsdiagnostikk – PGD). Bioteknologirådet har utarbeidd informasjonsmateriellet som følgje av at Stortinget bad Regjeringa sørgje for at det vart laga objektivt informasjonsmateriell for befolkninga om dette temaet som òg beskriv dei etiske sidene ved bruk av PGD.

PGD kan vere aktuelt for par som:

  • veit at det er ein arveleg sjukdom i familien og ønskjer å få eit barn utan arveanlegg for denne sjukdommen
  • har fått barn med ein alvorleg, arveleg sjukdom
  • har hatt fleire spontanabortar som skuldast kromosomavvik hos ein av dei

Preimplantasjonsdiagnostikknemnda vurderer søknader om å få ta i bruk PGD.

Brosjyren (4 sider A5) inneheld kort informasjon om PGD. Den blir no sendt ut til venteromma til alle legekontor og helsestasjonar, slik at befolkninga generelt skal få informasjon om PGD og for at par det er aktuelt for, får kjennskap til tilbodet.

Heftet (36 sider A4) inneheld utfyllande informasjon om kva PGD er, korleis det blir utført, når metoden kan brukast og kva slags etiske problemstillingar som er knytta til bruk av metoden. Det blir no distribuert til klinikkar som tilbyr assistert befruktning og medisinsk-genetiske avdelingar på sjukehusa.

Last ned

Du kan òg bestille brosjyren og/eller heftet ved å sende e-post til post[at]bioteknologiradet.no eller ringje 24 15 60 20.

Siden ble opprettet: 08.07.2010. Siden ble oppdatert: 03.07.2014

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter