EVALUERING AV BIOTEKNOLOGILOVA:
For mange par og einslege er draumen om å få eigne barn sterk, og for nokre er assistert befrukting den einaste moglegheita dei har for å oppnå dette. Bør alle som ønsker å få barn få hjelp til å få det?
Tilgangen til assistert befrukting har tradisjonelt vore strengt regulert av bioteknologilova, men dei siste 16 åra har tilbodet vorte betydeleg utvida. I dag kan dei fleste grupper i samfunnet få hjelp, men bør alle som ønsker det få tilgang til assistert befrukting? Og kva metodar bør vera lovlege? Dette har vore viktige spørsmål i Bioteknologirådets evaluering av korleis dagens bioteknologilov regulerer assistert befrukting.

Fleire har fått tilgang
Sæddonasjon og assistert befrukting med inseminasjon blei eit offentleg tilbod i Noreg allereie på byrjinga av 1970-talet, men blei første gong regulert i lov om kunstig befrukting i 1987. Dette var ei restriktiv lov som berre tillét assistert befrukting til gifte, heterofile par som ikkje kunne få barn av medisinske grunnar (medisinsk indikasjon), etter tilvising frå lege. I 1994 blei denne lova erstatta av den første bioteknologilova.
I dag er det ikkje lengre eit krav om medisinsk indikasjon, og assistert befrukting er tillate for mange fleire, inkludert kvinner i likekjønna forhold og einslege kvinner som ikkje har ein partnar (sjå figur).
ASSISTERT BEFRUKTING
Ulike metodar for å befrukte ei eggcelle med ei sædcelle. Inkluderer både inseminasjon og in-vitro fertilisering (IVF) – befrukting utanfor kroppen.
Om lag fem prosent av alle fødde i Noreg blir til ved hjelp av assistert befrukting, dei fleste ved bruk av foreldra sine egne kjønnsceller.
Om lag ein av fem av dei som blir til ved assistert befrukting, blir til ved bruk av sædceller eller eggceller frå ein donor.
I 2022 blei det fødd 557 barn etter sæddonasjon og 90 barn etter eggdonasjon.
Surrogati er ein metode der ei kvinne ber fram eit barn på vegne av andre som ønsker å bli foreldre. Surrogati i kombinasjon med assistert befrukting er regulert i bioteknologilova.
Surrogati er ulovleg i Noreg i dag, både som følgje av føresegn i barnelova og i bioteknologilova.
Kven får ikkje?
Dagens bioteknologilov avgrensar likevel tilgang til assistert befrukting for nokre grupper i befolkninga, til dømes som følgje av forbodet mot samtidig donasjon av sæd- og eggceller (dobbeltdonasjon), eller donasjon av befrukta egg som er til overs etter andre par si IVF-behandling (embryodonasjon). Dette fører til at par kor begge er infertile, eller infertile einslege kvinner, ikkje kan få hjelp. Dei som er mot ei liberalisering av denne delen av lova argumenterer ofte med at barnet bør ha ei genetisk tilknyting til minst ein av foreldra, og at ein veit lite om eventuelle langtidsverknader for barn som veks opp utan genetisk tilknyting. Dei som ønsker ei liberalisering argumenterer gjerne for at ei lovendring vil gi fleire ufrivillig barnlause moglegheit til å få barn, at kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg for å tillate, og at det også er eit spørsmål om likestilling ettersom dagens lovgiving opnar for assistert befrukting til par der ein av partnarane er infertile, men ikkje dersom begge er det.
Eit fleirtal av Bioteknologirådets medlemar ønsker å endre forboda. 14 av 15 medlemar meiner embryodonasjon bør bli lovleg i Noreg, medan 11 av 15 meiner dobbeltdonasjon bør tillatast. Dei tre medlemane som skil mellom dobbeltdonasjon og embryodonasjon, meiner det er prinsipielt forskjellig å skapa eit befrukta egg med samtidig egg- og sæddonasjon, samanlikna med å tillate donasjon av eit befrukta egg som er til overs. Eit av medlemane ønsker at reguleringa av dobbelt- og embryodonasjon framleis skal vera forbode for å sikre at barnet skal ha genetisk tilknyting til ein forelder.
Fleirtal mot surrogati
Ei gruppe i samfunnet som ikkje kan få hjelp ved ufrivillig barnlausheit i dag er dei som ikkje kan bere fram eit barn. Den gruppa omfattar einslege menn og menn i likekjønna parforhold, men også par og einslege kvinner kor kvinna av ulike grunnar ikkje sjølv kan bere fram eit barn. Desse må nytta seg av surrogati eller adopsjon for å få barn. Surrogati er ulovleg i Noreg i dag, men fleire norske borgarar får barn ved hjelp av surrogati i utlandet. Etisk sett er surrogati eit krevjande tema, som involverer fleire partar; surrogatmor, surrogatbarnet og dei som ønsker å bli foreldre. Dei som argumenterer mot surrogati meiner det bryt med prinsippet om morskap; at den som føder barnet er barnets mor. Dei er bekymra for press på surrogatmor og risikoen svangerskap medfører, og dei meiner gjerne prinsipielt at kvinnekropp og barn ikkje bør vera ei handelsvare. Dei som argumenterer for surrogati legg ofte vekt på surrogatmors autonomi, at man gir fleire ufrivillig barnlause moglegheita til å få barn, og at surrogati i det norske helsevesenet tross alt vil vera tryggare enn surrogati i mange andre land. Bioteknologirådets medlemar var delte i sine vurderingar, men eit fleirtal på ni av 15 medlemar ønsker at surrogati framleis skal vera ulovleg. Åtte av 15 meinte også at personar som nyttar seg av surrogati i utlandet burde kunne straffast etter norsk lov, medan sju av 15 meinte at personleg straff ved surrogati vil stride mot barnets beste og samfunnets interesse om openheit.
Kor mange donorhalvsøsken?
Eit viktig tema for regulering av assistert befrukting, er også kva avgrensingar ein skal ha for antal barn etter donasjon frå kvar enkelt donor. Ei slik avgrensing er viktig spesielt av to omsyn; å redusere sannsynet for at to halvsøsken skal få barn med kvarandre utan at dei veit at dei er halvsøsken, og omsynet til barnet som kan finna det krevjande å ha eit stort tal kjende eller ukjende halvsøsken i andre familiar. Dagens lovverk regulerer sæddonasjon og eggdonasjon ulikt, og eit samla Bioteknologiråd går inn for at dette bør harmoniserast, slik at kjønnscelledonorar har same avgrensing på kor mange barn dei kan være opphav til i Noreg; barn i seks ulike familiar. Grensa for antal barn same donor kan gi opphav til er nasjonal, det vil seie at barn unnfanga med sæd- eller eggceller importert frå utlandet kan ha mange fleire halvsøsken, i fleire ulike land. Dette er ein problematikk Bioteknologirådet, og etiske råd i Sverige, Danmark og Finland, er opptekne av. I ei felles nordisk fråsegn våren 2025 foreslo de fire rådane å etablere eit internasjonalt regelverk for antal donorbarn på eit europeisk nivå. Bioteknologirådet har også foreslått at donorhalvsøsken, ved gjensidig aktivt samtykke, skal kunne finne informasjon om kvarandre, eit ønske mange donorunnfanga også har tatt til orde for.
Bioteknologirådet sine anbefalingar:
Vilkår for assistert befrukting
Det er fleire paragrafar i bioteknologilova som regulerer kven som skal få tilgang til assistert befrukting, og denne fråsegna evaluerer to paragrafar (§ 2-3 og § 2-4) som definerer vilkår for inseminasjon og IVF-behandling.
• Eit samla Bioteknologiråd anbefaler at vilkåra for assistert befrukting i §2-3 og §2-4 i lova blir fjerna, men at ein beheld paragrafar som seier kva som framleis er forbode.
• Dersom vilkåra i §2-3 og §2-4 ikkje blir fjerna frå lova, anbefaler Bioteknologirådet at departementet klargjer om einslege kvinner ikkje skal ha rett til IVF-behandling med mindre dei har ein medisinsk indikasjon, eller om einslege kvinner berre skal ha lov til forsøk med IVF-behandling etter først å ha forsøkt inseminasjon.
• Eit samla Bioteknologiråd anbefaler at bioteknologilova blir endra til å bruke kjønnsnøytrale omgrep eller formuleringar, der det er formålstenleg. Følgjeleg bør personar som har endra sitt juridiske kjønn til mann, men som framleis kan bli gravide ved hjelp av assistert befrukting, kunne få tilbod om dette.
• Rådet meiner at det er viktig at den nye fødselsregisterforskrifta trer i kraft for å sikre kontinuerleg innsamling av data om assistert befrukting. Slike data er nødvendige for å kunne belyse medisinske og samfunnsmessige effektar av endringar i tilbodet.
Les heile fråsegna her.
Dobbeldonasjon og embryodonasjon
Dobbeldonasjon og embryodonasjon er i dag forbode. Hovudargumentasjonen har vore at dobbeltdonasjon og embryodonasjon vil legge til rette for at man kan få barn utan genetisk tilknyting til foreldra. I denne fråsegna blir forbodet mot dobbeltdonasjon og embryodonasjon evaluert.
• Eit fleirtal på 14 av 15 medlemar meiner at embryodonasjon bør tillatast i Noreg, medan 11 av desse medlemane meiner at også dobbeldonasjon bør tillatast.
• Desse i alt 14 medlemane har ulike argument for sine syn, men tek alle atterhald om at behandlingane ikkje bør tillatast for alle, og at det krevst ein diskusjon rundt indikasjonen for behandlinga.
• Eit medlem av Bioteknologirådet meiner at verken embryodonasjon eller dobbeldonasjon bør tillatast.
Les heile fråsegna her.
Surrogati
Surrogati er ein reproduktiv praksis der ei kvinne blir gravid med, ber fram og føder eit barn for andre som vil bli foreldre. Surrogati er etter barnelova og bioteknologilova ulovleg i Noreg i dag, men det er ingen avgrensingar for bruk av surrogati utanfor Noregs grenser. I denne fråsegna har Bioteknologirådet evaluert om surrogati bør vera lovleg i Noreg, med bakgrunn i forbodet i bioteknologilova mot bruk av IVF til surrogati.
• Eit fleirtal på ni av Bioteknologirådets 15 medlemar meiner at surrogati ved hjelp av assistert befrukting framleis skal vera forbode i Noreg. Eit mindretal på seks av 15 meiner at ikkje-kommersiell surrogati kan vera ein akseptabel metode for assistert befrukting.
• Eit fleirtal på 13 av Bioteknologirådets 15 medlemar ønsker ikkje å tillata nokon former for kommersiell surrogati i Noreg. Eit mindretal på to av 15 ønsker å tillate kommersiell surrogati i Noreg.
• Eit fleirtal på åtte av Bioteknologirådets 15 medlemar meiner at personar som nyttar seg av surrogati, også i utlandet, bør kunne bli straffa. Eit mindretal på sju av rådets 15 medlemar meiner at personar som nyttar surrogat, også i utlandet, ikkje bør kunne bli straffa.
Les heile fråsegna her.
Bør donorunnfanga få informasjon om halvsøsken?
Frå 2005 blei anonym sæddonasjon forbode i Noreg, og alle barn som blir unnfanga ved norske klinikkar fekk ein lovfesta rett til å få vite donor sin identitet. I praksis blir dette gjort ved at man kan logge seg inn på donorregisteret via Helsenorge. Bør dei som er blitt til med donor også få moglegheit til å identifisere halvsøsken gjennom same teneste?
• Eit samla Bioteknologiråd meiner at personar som er blitt til med same donor skal få moglegheita til å finne kvarandre. Tilbodet må vere basert på eit aktivt, gjensidig samtykke.
• Eit samla Bioteknologiråd anbefaler at den enkelte sjølv har rett å avgjera om dei ønsker informasjon om sine donorhalvsøsken, og at dei kan velje dette etter fylte 15 år.
• Eit samla Bioteknologiråd anbefaler at denne moglegheita skal gjelde for alle donorunnfanga personar fødd etter 2005, om tilbodet blir etablert.
Les heile fråsegna her.
Likebehandling av donorar
Bioteknologilova har i dag ulike kriterium og aldersgrenser for eggdonorar og sæddonorar. Kor mange barn man kan gi opphav til som donor, og kva kompensasjon man får for å vera eggdonor til samanlikning med å vera sæddonor, er også ulik.
• Eit samla Bioteknologiråd meiner at avgrensinga for antal barn ein egg- eller sæddonor kan gi opphav til bør harmoniserast og at ein donor kan gi opphav til barn i opp til seks familiar.
• Eit samla Bioteknologiråd meiner at bioteknologilova bør ha den same nedre aldersgrensa, 25 år, for donasjon av eggceller og sædceller.
• Eit samla Bioteknologiråd meiner at kompensasjonsordninga for eggdonasjon og sæddonasjon bør reviderast slik at kompensasjonsbeløpet reflekterer forskjellar knytt til auka risiko, helsemessig belastning og tidsbruk for eggdonasjon samanlikna med sæddonasjon.
• Seks av 15 medlemar meiner at kompensasjonsbeløpet i tillegg må ta omsyn til utfordringane med rekruttering av eggdonorar, og at tiltak for å auke talet på eggdonorar bør få prioritet.
Les heile fråsegna her.
Donorval og gentesting av donor
I dag er det behandlande lege som vel eggdonor eller sæddonor, og legen bør i størst mogleg grad velje ein donor som liknar på foreldra. I mange andre land er gentesting av egg- og sæddonorar vanleg for å utelukka at donor er berar av uoppdaga alvorleg, arveleg sjukdom, men denne typen genetisk testing blir ikkje gjort i Noreg i dag. I denne fråsegna blir desse reguleringane og problematikkane evaluert.
• Eit fleirtal på 10 av 14 medlemar (berre 14 røysteføre var tilstades), meiner det framleis bør vera behandlande lege som vel egg- eller sæddonor. Medlemane støttar og dagens praksis om at berre informasjon om fysiske trekk skal nyttast av legen som vel donor.
• Eit mindretal på fire meiner den eller dei framtidige foreldra sjølve bør kunne velje eggdonor eller sæddonor. Medlemane meiner at det ikkje bør bli lovfesta avgrensingar på kva informasjon om donor som skal vere tilgjengeleg i samband med val av donor.
• Eit samla Bioteknologiråd meiner at det ikkje bør bli innførd rutinemessig genetisk testing av egg- og sæddonorar i Noreg.
• Eit samla Bioteknologiråd meiner likevel at enkelte egg- og sæddonorar i Noreg bør kunne bli kontakta med spørsmål om målretta genetisk testing i tilfelle der mottakar av donorbehandlinga har eller er berar av arveleg sjukdom, og det er fare for at framtidige barn arvar tilstanden. Dette vil krevje genetisk rettleiing og samtykke frå donor.
Les heile fråsegna her.