Då dei første Covid-19 vaksinane kom på marknaden, blei mRNA-teknologien hylla. To av forskarane sentrale i utviklinga av teknologien fekk Nobelprisen i 2023. No aukar motstanden mot mRNA-vaksinar i USA, godt hjelpt av Trump og republikanarane.
– Det er eit medisinsk mirakel, sa USAs president Donald Trump om mRNA-vaksinane i november 2020.
Då hadde hans eige finansieringsprogram, Operation Warp Speed, bidrege sterkt til at mRNA-vaksinane mot Covid-19 kom så raskt på marknaden. Fleire hundre millionar menneske verda over har fått slike vaksinar, med relativt lette og kortvarige biverknader, og fagmiljøet reknar teknologien som svært trygg og effektiv. Likevel er motstanden mot teknologien aukande, spesielt på høgresida av politikken. Då Trump sa på eit talkshow at han sjølv hadde tatt ei mRNA-basert vaksine, bua publikum. No kuttar Trump og hans helseminister, vaksinemotstanderen Robert F. Kennedy, offentleg støtte til mRNA-vaksinar.
mRNA-vaksinar
• mRNA står for messenger RNA (bodbringar-RNA).
• mRNA-vaksinar inneheld oppskrifta på ein ufarleg del av eit virus, t.d. piggproteinet på utsida av eit koronavirus. Ved vaksinering vil kroppen produsere dette proteinet, immunforsvaret vil kjenne det att som framandt og lagar mellom anna antistoff mot det. Reaksjonen til immunsystemet vil seinare verke mot heile viruset og hindre eller redusere infeksjon.
• mRNA-vaksinar blei først nytta mot covid-19, men det er fleire nye mRNA-vaksinar i utvikling, både mot andre virussjukdommar, og også som del av målretta behandlingar mot kreft.
Helse – utan mRNA-vaksinar
Den amerikanske helseministaren er skeptisk til vaksinar generelt, og mRNA-vaksinar spesielt. Ein av dei første tinga han gjorde i jobben var å sparke alle medlemmane av fagkomiteen som vedtar departementet sine anbefalingar for vaksinasjonsprogrammet i USA. Nokre av dei nye medlemmane er uttalte vaksineskeptikarar. Men Kennedy ønsker ikkje berre å endre vaksinasjonsprogrammet, han har også kutta i tildelingar og kontraktar for å utvikle nye mRNA-baserte vaksinar. Helsedepartementet har terminert kontraktar på nærare seks milliardar kroner til utvikling av mRNA-vaksinar mot fugleinfluensa, og ytterlegare fem milliardar i tildelingar til andre mRNA-vaksineprosjekt. Samtidig annonserte departementet at «ingen nye mRNA-vaksineprosjekt» vil få finansiering til å starte.
– Globale konsekvensar
Motstanden veks også på grasrota i det republikanske partiet. I republikanske statar som til dømes Florida, Montana, Iowa og Idaho, har republikanarar lagt fram lovforslag som skal avgrense eller forby bruk av mRNA-vaksinar. Sjølv om ingen av lovforslaga har vore nær ved å bli vedtatt, får den aukande motstanden konsekvensar. Handelsgruppa Allience for mRNA Medicines rapporterer at fleire av deira medlemar vurderer å skifte fokus mot prosjekt som er mindre politisk kontroversielle.
– USA var ein motor i utviklinga av vaksinar mot Covid-19, og deira kutt i finansieringa til forsking vil forseinke framsteg i den medisinske kunnskapen, seier Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus.
Langeland er bekymra for utviklinga og poengterer at sjølv om det finnes andre typar vaksinar, så vil ikkje desse kunne bli masseprodusert mot nye infeksjonstrugsmål like raskt.
– Teknologien blir også brukt av andre vaksineprodusentar, og medan USA kuttar i finansieringa til utvikling av nye mRNA-vaksinar så satsast det framleis på teknologien både i Europa og i Asia, seier Langeland.
Kjelder:
https://www.nytimes.com/2025/08/05/health/rfk-jr-vaccine-funding.html
https://www.nature.com/articles/d41586-025-01462-9
https://www.politico.com/news/2023/09/23/gop-voters-vaccines-poll-00117125
https://www.nature.com/articles/d41586-025-01852-z
https://www.nytimes.com/2025/06/17/health/south-africa-medical-research-trump.html
