Publisert: 22. september 2011

Foto: iStockphoto.

Ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) prøver dei å gjere butikk ut av fiskeavfall, eller fiskeråstoff som det no er vanleg å kalle det. Gjennom firmaet HepMarin AS vil dei framstille det blodfortynnande legemiddelet heparin frå laks.

Av Norunn K. Torheim i GENialt 2/2011

Målet for HepMarin AS er å ta ein del av marknaden for heparin. Heparin blir brukt som blodfortynnande middel både ved akutte hjartesjukdommar, som hjarteinfarkt, og førebyggjande før store operasjonar. I dag blir heparin produsert frå grisetarmar, først og fremst i Kina. Årleg blir det produsert heparin frå tarmar frå 600 millionar slaktegris.

Sikrare produksjon?

HepMarin AS har utvikla ny, patentert teknologi for produksjon av heparin frå fiskeråstoff. Dei meiner at fiskeråstoff er ei råvarekjelde som vil gi eit tryggare produkt og ein produksjon som er lettare å kontrollere, og at heparin frå fiskeråstoff har positive kliniske eigenskapar, som for eksempel lenger halveringstid, noko som gjer at pasienten treng færre injeksjonar, samanlikna med heparin frå svin. No prøver dei å dokumentere dette.

I dette arbeidet samarbeider selskapet med både norske og utanlandske partnarar innanfor prosessindustri, prosessteknologi, kjemi og biologi.

Torgeir Vaage i HepMarin AS meiner at produksjon av heparin frå laks vil gjere det lettare å kontrollere kvaliteten i heile produksjonskjeda, og at produktet derfor er sikrare å bruke enn svineheparin. Han viser til heparinskandelen i 2007 der fleire titals pasientar i USA døydde av forureina heparin frå Kina.

Norsk fortrinn

Som verdas største produsent av laks har Noreg, ifølgje Vaage, eit fortrinn dersom laks blir kjelde til heparinproduksjon. Hep- Marin samarbeider med firmaet Marine Bioproducts i Bergen som no sit på ein fjerdedel av det samla restråstoffet frå norsk oppdrettsnæring.

UMB-professor bak oppdaginga

Det var professor Ragnar Flengsrud ved UMB som gjorde oppdaginga som no kan bli storindustri for HepMarin. Les meir om prosjektet på nettsida til Universitetet for miljø- og biovitskap.

Direktør i Bioteknologinemnda, Sissel Rogne, leia tidlegare i år ein jury som kåra HepMarin AS, her representert ved Torgeir Vaage, til årets innovasjonsbedrift på den internasjonale sjømatkonferansen North Atlantic Seafood i Oslo. Foto: Fotograf Morten Flaten, fotografmortenflaten.com.

Kjelde:

Foredrag av Torgeir Vaage i HepMarin på møte om bioprospektering i regi av Tekna Biotek i Oslo 12. mai 2011.

Sjå artikkelen slik den stod på trykk i GENialt 2/2011.