Stortinget har samrøystes slått fast at alle genmodifiserte organismar skal vurderast etter genteknologiloven før dei eventuelt blir lov å omsette i Noreg.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Ingen genmodifisert organisme (GMO) kan importerast før Noreg har avklart om vi skal forby han. Det gjeld òg GMO-ar som er godkjende i EU. Saka var oppe i Stortinget 28. april, og det var Senterpartiet og SV som hadde fremja ho. Bakgrunnen var at klima- og miljøminister Tine Sundtoft hausten 2014 uttalte at det var lov å omsette fleire genmodifiserte plantar i Noreg fordi dei var godkjende i EU og Noreg ikkje hadde lagt ned forbod «innan rimeleg tid», noko som skapte stor debatt.

EØS-avtalen

På grunn av EØS-avtalen er Noreg med i EU sitt godkjenningssystem for GMO-ar. Når EU har godkjent ein GMO, må vi avgjere om vi skal forby eller tillate han i Noreg. Etter EØS-avtalen kan Noreg leggje vekt på andre kriterium enn helse- og miljørisiko når vi vurderer ein GMO. Altså kan vi vurdere om GMO-en bidreg til berekraftig utvikling, og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg, slik det står i genteknologiloven.

Verken genteknologiloven eller EØSavtalen seier noko om kor lang tid Noreg har på seg til å eventuelt forby ein GMO. Før klima- og miljøministeren kom med den nye tolkinga av loven, vart GMO-en rekna som forboden så lenge Noreg heldt på med å vurdere søknaden. No er Sundtoft forplikta til å følgje opp vedtaket i Stortinget.

Foreslår forbod

Senterpartiet og SV foreslo òg å forby maisen NK603, som er genmodifisert til å tole sprøytemiddel med glyfosat, og fekk med seg Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Høgre, Framstegspartiet og Venstre ønskte derimot ikkje at Stortinget skulle fatte vedtak om enkelt-GMO-ar, og stemte mot. Forslaget fekk derfor ikkje fleirtal. No blir det regjeringa som skal avgjere om Noreg skal forby maisen NK603. Klima- og miljø- ministeren har lova å få saka fort unna.

Les også: Ni GMO-produkter kan omsettes i Norge