04.10.2016

Klare for genredigering?

Tallerken med smørbrød med diverse pålegg

Illustrasjonsfoto: iStock

Ny teknologi gjer det mogleg å lage nye typar genmodifisert mat utan å tilføre nye gen. Er norske forskarar, produsentar og lovgjevarar førebudde?

Debatten har rasa sidan dei første genmodifiserte plantene vart utvikla på 1980-talet: Er genmodifisert mat (GMO) framtida for matproduksjonen i verda eller eit langt steg i feil retning? For nokre representerer GMO håp om landbruksplanter som har auka næringsinnhald, og som kan bli dyrka under vanskelege forhold, eller dyr som er motstandsdyktige mot enkelte sjukdommar. For andre fører genmodifisert mat til frykt for auka sprøytemiddelbruk, skadelege miljøkonsekvensar eller sentralisering av matmakta hos internasjonale storkonsern. Debattane har ofte vore uforsonlege.

Ny teknologi, som genredigeringsmetoden CRISPR, gjev no høve til å lage nye typar genmodifiserte produkt. Ved tradisjonell genmodifisering set ein inn DNA frå ein annan organisme for å tilføre ein viss eigenskap. Eit døme er såkalla Bt-planter, som har fått sett inn eit gen frå ein bakterie, slik at dei produserer eit stoff som tek livet av skadeinsekt. Med genredigering kan ein gjere målretta endringar i gen utan å setje inn nytt DNA. Berre det å «skru av» eit gen kan endre ein viss eigenskap i planta eller dyret.

Fleire forskarar og observatørar spår at genredigert mat kjem til å bli ein milliardmarknad dei næraste åra. Samtidig er det omfattande debatt i europeiske land om korleis ein skal regulere slike matvarer. Fleire land har varsla at dei ikkje reknar genredigerte matvarer der ein har teke ut litt av arvestoffet, som GMO-ar. Den endelege avgjerda frå EU lèt likevel vente på seg. Avgjerda kan få store konsekvensar. Dersom genredigert mat blir rekna som ein GMO, vil det føre med seg strengare krav for produksjon og godkjenning, og at ein må merkje maten som genmodifisert når han blir seld til forbrukarane.

Er norske forskarar og matprodusentar interesserte og villige til å satse på genredigering? Og er regelverket for genmodifisert mat tilpassa desse nye teknikkane og moglegheitene? Vi har oppsøkt tre forskingsmiljø som har byrja å undersøkje kva potensial som ligg i genredigering, for å høyre kva moglegheiter og utfordringar dei ser i framtida.

 

Del 1: Friskare jordbær

Del 2: Sjukdomsresistente grisar

Del 3: Steril oppdrettslaks

Siden ble opprettet: 04.10.2016. Siden ble oppdatert: 14.10.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

Sakskart til ekstraordinært møte i Bioteknologirådet 18. mai

15.05.2020

Tid:  Mandag 18. mai kl. 09.00-13.00 Sted: Digitalt møte,.. Les mer »

I GENialt: Ny milepel for CRISPR-teknologien

12.05.2020

For første gang i historien har genredigeringsteknologien CRISPR.. Les mer »

I GENialt: Doktor AI – muligheter og utfordringer

12.05.2020

I fremtidens helsevesen er datamaskiner legens nye kollega… Les mer »

I GENialt: Kan rundormen vise oss veien til sunn aldring?

12.05.2020

Forskere har identifisert proteiner som fremskynder utvikling av.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter