Store kutt i finansiering til amerikansk forsking skapar bekymring både i USA og internasjonalt. Norske forskarar er uroa for kva konsekvensar dette kan få for forskingsdata som er lagra på amerikansk-finansierte databasar.
– Det har vore sjokkerande å høyre frå mine kollegaer som jobbar med klimaforsking korleis ressursar berre plutseleg kan forsvinne. Det gjer jo at ein i neste omgang byrjar å tenke, kan dette også skje innan mitt fagfelt, seier Anne Ingeborg Myhr, avdelingsleiar for Bioteknologi og sirkulærøkonomi ved forskingsinstituttet NORCE og medlem i Bioteknologirådet.
Store kutt
I dei første åtte månadane av Donald Trump si andre presidentperiode har over 4000 forskingsprosjekt innan medisin, teknologi og naturvitskap vorte kutta av Trump administrasjonen. Nyleg blei fleire store forskingsprosjekt og industrikontraktar for å utvikle nye mRNA-vaksinar også kutta (sjå eiga sak) og talet på nye forskingsprosjekt som får finansiering frå det offentlege har gått drastisk ned.
Det som bekymrar Myhr mest, er likevel dei planlagde omorganiseringane og kutta i Trump-administrasjonen sitt budsjettforslag for 2026. Medan dei forskingsprosjekta som allereie har mista finansieringa berre utgjer ein liten del av dei årlege offentlege tildelingane til forsking, har administrasjonen no forslått budsjettkutt på mellom 40 – 55 prosent, og store omorganiseringar av dei føderale etatane som finansierer forsking i USA.


– Amerikansk forsking har alltid vore i ei særstilling på verdsbasis, med dei beste hovuda, og beste forskingsinstitusjonane. Men dei er også ekstremt viktige for forsking verda over, seier Anna Wargelius, forskingssjef ved Havforskningsinstituttet og varamedlem i Bioteknologirådet.
Svært mange av forskingsdatabasane som er heilt grunnleggande for mykje forsking innan biologi og medisin i dag er finansiert og drifta av amerikanske institusjonar, og ein del av databasane som er drifta av europeiske institusjonar er også delvis drifta med midlar frå USA.
– Kutt i tildelingar til nokre av desse tilboda vil få ringverknadar langt utanfor amerikanske grenser, seier Wargelius.
Store kutt i forsking
Meir enn 4000 offentleg finansierte forskingsprosjekt innan medisin, naturvitskap og teknologi har vorte kutta av Trump-administrasjonen sidan januar – om lag tre-fire prosent av prosjekta som får finansiering av National Institute of Health (NIH) og National Science Foundation (NSF)
I budsjettet for 2026 foreslår Trump-administrasjonen kutt på 40-55 prosent i budsjetta til NIH, NSF, Center for Disease Control (CDC) og Environmental Protection Agency (EPA) som alle finansierer forsking i USA.
Budsjettet må verte godkjent og vedtatt i kongressen før det kan tre i kraft.
Også i Trump sin første presidentperiode blei store kutt i løyvingar til forsking foreslått, men den gongen blei kutta stoppa i kongressen.
Data kan forsvinne
Dei siste månadane har klimaforskarar verda over slått alarm om at tilgangen til forskingsdata og forskingsdatabasar plutseleg har blitt fjerna eller vorte planlagd nedlagt. For å redde forskingsdata frå å forsvinne, har forskarar gått saman om å laste ned og overføre data frå amerikanske klimadatabasar til europeiske alternativ, eller til eigne serverar.
Men også forskingsdatabasar som er relevant for forsking innan biologi og medisin er under press.

– Det er allereie nokre eksempel på viktige databasar som er i ferd med å miste finansieringa til drift og til å halde på personell med ekspertise. Dette gjeld til dømes databasane for modellorganismar, som er veldig viktig for mykje biologisk grunnforsking, eller GWAS Catalog-databasen, med store mengder humane genetiske data som kan brukast til å finne samanhengen mellom genvariantar og sjukdom. Dersom desse skulle miste finansieringa, så hastar det med å finne nye finansieringskjelder, seier Brooke Wolford, forskar ved HUNTsenter for molekylær og klinisk epidemiologi ved NTNU i Trondheim.
Nokre forskarar i Noreg har allereie blitt direkte ramma av kutta.
– Heile samarbeidet me hadde for å samle biologiske overvakingsdata frå fleire land og gjera dei tilgjengeleg i ein database, blei brått avslutta, direkte som følgje av kutta i USA, seier Sushma Nagaraja Grellscheid, professor ved Universitetet i Bergen og leiar for ELIXIR Norge.

ELIXIR Norge har i fleire år vore del av eit nettverk av forskarar frå heile Europa som jobba med å utvikle system for å samle data for sjukdom forårsaka av mikroorganismar. I første omgang er det dei mindre og smalare databasane og bioinformatiske verktøya som er trua, men kutta kan også råke store databasar. Dei største og viktigaste databasane for biologi og medisinsk forsking er drifta av amerikanske institusjonar og har i alle år hatt god finansiering, men når finansieringa kjem frå få kjelder er også desse sårbare for eit politisk skifte.
– Eg trur me forskarar i mange år har tatt den digitale forskingsinfrastrukturen litt for gitt, og kanskje spesielt her i Europa, seier Grellscheid.
Europa må ta meir ansvar
Sussie Dalvin, forskar ved Havforskningsinstituttet, har akkurat vore på eit forskingsopphald i San Diego, USA. Også Dalvin meiner at forskarar verda over kanskje har tatt mange av dei amerikanskfinansierte databasane litt for gitt.

– Dei politiske strømmingane i USA gjer det tydeleg for oss at resten av verda må bidra meir til å vedlikehalde opne og tilgjengelege forskingsdatabasar, og at et meir robust system er nødvendig for å hindre at forskingsdata og databasar plutseleg skal forsvinne. Vi må også hugse på at amerikanarane tradisjonelt har vore ein stor bidragsytar til forsking. Dei bruker til dømes ein mykje større del av sitt BNP på forsking, samanlikna med oss her i Noreg, seier Dalvin. Grellscheid meiner også at Europa, og resten av verda, må bidra meir.
– For å kunne sikre trygg lagring av forskingsdata og gode tenester for korleis data skal delast treng me internasjonalt samarbeid. Slik kan me styrke og vidareutvikle dei løysingane me allereie har i dag og sikre open tilgang til forskingsdata også inn i framtida, seier Grellshceid.
Kjelder:
https://www.nature.com/articles/d41586-025-01309-3
https://www.nytimes.com/2025/02/02/upshot/trump-government-websites-missing-ages.html
https://www.nature.com/articles/d41586-025-00828-3
https://www.nytimes.com/interactive/2025/06/04/health/trump-cuts-nih-grantsresearch.html
https://www.nature.com/articles/d41586-025-01749-x
https://www.nytimes.com/2025/05/02/us/politics/trump-budget-cdc-nih-cuts.html
The Lancet (2025) doi.org/10.1016/S0140-6736(25)01016-5
