Frukostmøte: Parkinsons sjukdom – kor står me i dag?
Sted: Litteraturhuset i Bergen, sal Olav H. Hauge – Bergen
Tidspunkt: 08.30-09.10
Ved Parkinsons sjukdom dør hjerneceller som kontrollerer kroppens rørsler gradvis. Det blir forska mykje både nasjonalt og internasjonalt på å forstå mekanismane bak sjukdommen, men det finst framleis inga behandling som kan bremse eller stanse sjukdomsutviklinga.
I Bergen og internasjonalt føregår det no kliniske studiar for å prøve ut nye legemiddel mot Parkinsons sjukdom. Forsking på bruk av stamceller som kan erstatta dei tapte nervecellene i hjernen gir også håp, men kor langt unna er nye behandlingar?
Svein Isungset Støve, molekylærbiolog og seniorrådgivar i Bioteknologirådet har bakgrunn frå fleire år med forsking på Parkinsons sjukdom. I dette populærvitskapelege foredraget vil han fortelje om Parkinsons sjukdom, kva me veit om sjukdommen i dag, og kva nye typar behandling som er under utprøving.
Møtet skjer kl 08.30 – 09.15 og er åpent for alle. Foredraget blir også strøymd. Det blir lett servering.