Publisert: 11. desember 2013

Menn sprøyter for hånd
Risbønder sprøytar avlinga i Sekinchan, Malaysia. Sprøytemiddelresistent ris er utvikla, men ikkje teken i bruk enno. Foto: iStockphoto

Korleis kan ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante bidra til berekraftig utvikling? Bioteknologinemnda har prøvd å finne svaret.

Av Audrun Utskarpen

Etter genteknologiloven skal ein genmodifisert plante ikkje vere skadeleg for helse og miljø for å bli godkjend her i landet. I tillegg skal vi vurdere om planten er samfunnsnyttig, etisk forsvarleg og bidreg til berekraftig utvikling. Men kva skal eigentleg til for å kunne seie at ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante er berekraftig?

For å få svar på dette har Bioteknologinemnda, på oppdrag frå Miljødirektoratet, i 2012/2013 gjennomført prosjektet Sprøytemiddelresistente genmodifiserte plantar og berekraft. Rapporten frå prosjektet er no ferdig. Her har Bioteknologinemnda gitt råd om kva spørsmål som er viktig å undersøke, for å kunne seie om ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante bidreg til berekraftig utvikling.

LAST NED RAPPORTEN (pdf)
Ting papirutgåve

Føregangsland

Noreg var med genteknologiloven i 1993 det første landet som tok kriteria om å vurdere berekraftig utvikling, samfunnsnytte og etiske forhold inn i lovverket for genmodifiserte organismar (GMO). Seinare har andre land opna for liknande vurderingar.

Den internasjonale avtalen om biotryggleik under FN, Cartagena-protokollen, seier at land kan ta omsyn til sosioøkonomiske forhold når dei avgjer om dei vil godkjenne ein GMO. EU-kommisjonen har òg foreslått at medlemslanda i EU skal kunne ta med sosioøkonomiske forhold i GMO-vurderingane. Arbeidet som Bioteknologinemnda har gjort, vil kunne spele ei rolle når ein skal avgjere kva spørsmål som skal kunne reknast med under sosioøkonomi i EU og internasjonalt.

Når vi skal vurdere om ein GMO bidreg til berekraftig utvikling, må vi i tillegg til følgjer for helse og miljø ta omsyn til økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar. Perspektivet er globalt og meir langsiktig enn ved tradisjonelle helse- og miljørisikovurderingar. Det vil mellom anna seie at vi òg må vurdere tilhøva i dyrkingslandet dersom ein GMO skal importerast til Noreg for bruk i mat og fôr. Fordelar som viser seg når ein byrjar å dyrke GMO-ane, må dessutan halde seg over tid. Til dømes er det ikkje nok at bruken av sprøytemiddel går ned i starten, dersom han aukar igjen etter få år.

Produsentane gjer gjerne greie for fordelane ved dei sprøytemiddelresistente GMO-ane. Bioteknologinemnda skal etter mandatet òg vurdere risiko, uvisse og kunnskapsmangel, vege fordelar mot ulemper og vurdere om ein bør ta i bruk føre-var-prinsippet.

Både planten og sprøytemidlet

Plantar som er genmodifiserte til å tole visse sprøytemiddel, er laga for å nyttast saman med desse sprøytemidla. Sprøytemidla skal ta knekken på ugraset, medan kulturplanten står igjen på åkeren uskadd. Utan sprøytemidla oppnår ikkje bøndene nokre fordelar ved å dyrke denne veksten. Derfor må både positive og negative verknader av endra sprøytemiddelbruk vurderast, i tillegg til verknadene av planten i seg sjølv. Når ein ser på økologiske følgjer, bør ein samanlikne med den næraste genetiske slektningen av den genmodifiserte planten under dei same økosystemvilkåra. På områda økonomi og samfunn kan ein samanlikne med den veksten den sprøytemiddelresistente planten erstattar, eller det vanlege dyrkingssystemet i området.

Ikkje skade

Bioteknologinemnda meiner det er viktig å finne ut om dyrking eller bruk av den sprøytemiddelresistente veksten kan skade andre organismar enn ugraset sprøytemidla er meint å drepe. Veksten må ikkje skade plantar, dyr, menneske eller økosystem verken på kort sikt (under fem år) eller lang sikt (meir enn tjue år). Særleg bør ein legge vekt på irreversible skadar til dømes på truga dyreartar eller heile økosystem.

Ein må òg undersøkje om det kan oppstå uventa effektar når fleire enn eitt sprøytemiddel blir brukt på same område, noko det er forska lite på. Den samla effekten av sprøytemidla kan vere både lik og større enn summen av deleffektane.

Sprøytemidla må heller ikkje gi dyrkarane helseskadar. Det er viktig at dyrkarane får opplæringa og verneutstyret dei treng for å bruke sprøytemidla.

Nokre sprøytemiddel er forbodne i Noreg og EU fordi dei er dokumentert helse og miljøskadelege. Det gjeld mellom anna sprøytemiddel med glufosinat, som no er forbodne i Noreg og blir fasa ut i EU. Viss ein glufosinatresistent GMO gjer at dyrkingsmåten endrar seg slik at bøndene brukar meir glufosinat, fremjar det ikkje berekraftig utvikling.

Vassloppe
Vasslopper (Daphnia magna) er eit døme på ferskvassorganismar som kan bli skada av sprøytemiddel med glyfosat og glufosinat. Foto: Hajime Watanabe (Wikimedia Commons)

Resistent ugras

Ugras som har vorte resistent mot det vanlege sprøytemidlet glyfosat, er eit stadig større problem i dei landa som lenge har dyrka glyfosatresistente GMO-ar, såkalla Roundup Ready-vekstar. Det har gjort at bøndene må sprøyte meir, ofte med andre og meir skadelege sprøytemiddel, eller fjerne ugras på andre måtar. Viss slike plantar skal kunne bidra til berekraftig utvikling, må det vere eit krav at det er sett i verk tiltak for å motverke resistent ugras.

Spreiing til naboåkrar og ville slektningar

Kor lett ein genmodifisert sprøytemiddelresistent plante spreier seg via frø og pollen, har mykje å seie for om han utgjer ein risiko. Raps spreier seg til dømes lett, og kan krysse seg med ikkje-genmodifisert raps og ryps og med ville slektningar av raps og ryps. Da kan gena for glyfosatresistens komme over i desse andre plantane og gjere det vanskeleg å nytte glyfosat for å bli kvitt ugras.

Dersom ein bonde vel å dyrke GMO, bør det framleis vere mogleg for andre bønder i området å dyrke vanlege eller økologiske vekstar. Derfor må det finnast lover for slik sameksistens. I tillegg må det vere reglar for erstatning viss frø eller pollen frå GMO-åkeren kjem over i naboåkrar, slik at andre bønder får sine åkrar forureina av GMO. Desse bøndene kan da få vanskar med å få selt avlingane sine som ikkje-GMO eller økologisk.

Uavhengig risikoforsking

I dag kjem hovudtyngda av dokumentasjonen som styresmaktene bruker i risikovurderingane, frå produsentane. Viss ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante skal kunne reknast som berekraftig, må det vere mogleg for andre enn GMO-produsentane å forske på han. Det gjeld særleg forsking som tek sikte på å avdekke om planten kan gi uventa skadar på helse og miljø.

Tilgang til vidare planteforedling

Det varierte genetiske materialet i plantar er grunnlaget for all planteforedling og avgjer om vi kan tilpasse matproduksjonen til klima- og miljøendringar som tørke og frost, og til plantesjukdommar og skadegjerarar. Både bønder og planteforedlarar treng tilgang til desse ressursane for å foredle nye sortar. Derfor bidreg det positivt til berekraftig utvikling viss andre enn dei som har utvikla sortane, kan nytte dei i vidare foredling. Det finst ulike system som likevel kan gi foredlarane kompensasjon.

Godkjenning av mange GMO-ar

Konsekvensane av å godkjenne mange GMO-ar kan vere annleis enn å godkjenne nokre få. Det er sjeldan slik at ei enkelt godkjenning av ein GMO vil gjere det vanskeleg å legge om til ikkje-genmodifisert, inkludert økologisk, landbruk i framtida. Godkjenning av éin enkelt GMO treng heller ikkje føre til at det blir dårlegare utval av såfrø. Derfor må styresmaktene jamleg vurdere om mange GMO-ar i sum bidreg til berekraftig utvikling, slik at summen av enkeltvedtak fører samfunnet i den retninga vi ønskjer.

Tidlegare arbeid med berekraftig utvikling

I 1999 utarbeidde Bioteknologinemnda ei rettleiing for korleis vi kan vurdere om genmodifiserte organismar er samfunnsnyttige, etisk forsvarlege og bidreg til berekraftig utvikling. Delar av denne rettleiinga vart i 2005 tekne inn i forskrifta om konsekvensutgreiing etter genteknologiloven og vart revidert i 2006. I 2010/2011 utførte Bioteknologinemnda i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) eit prosjekt om insektresistente genmodifiserte plantar. Prosjektet om sprøytemiddelresistente plantar var eit framhald av dette. Ei ressursgruppe med medlemmer frå Bioteknologinemnda og andre ekspertar har arbeidd med prosjektet.

Les meir:

Last ned rapporten frå prosjektet Sprøytemiddelresistente plantar og berekraft her

Papirutgåva av rapporten kan du tinge her