26.12.2016

Vil genmodifisere eukalyptus

Eukalyptustrær

Eukalyptus blir dyrka på plantasjar i nitti land over heile verda. Selskapet FuturaGene trur genmodifiserte tre kan gjere industrien meir lønnsam. Foto: Shutterstock

Eukalyptusprodusentar i Brasil meiner genmodifiserte tre kan gjere produksjonen meir lønnsam og utnytte dyrkingsarealet betre, men møter kritikk.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet Genialt

Genmodifiserte eukalyptustre vart for første gong godkjende for sal i 2015 i Brasil. Trea er genmodifiserte slik at dei skal vekse fortare og bli tjukkare enn vanleg eukalyptus.

Framleis blir dei berre dyrka på forsøksfelt, men selskapet som står bak, FuturaGene, har stor tru på at slike tre kan gjere eukalyptusindustrien meir lønnsam. Kritikarar meiner likevel genmodifiserte eukalyptustre er ei utvikling i feil retning i ein allereie omstridd industri.

Eukalyptus veks vilt i Australia og nokre få land i Søraust-Asia. I dag blir dette treslaget dyrka på plantasjar i nitti land over heile verda. Brasil er ein av dei største produsentane og eksportørane, og i delstaten Minas Gerais dekkjer eukalyptusplantasjane no to prosent av arealet. Eukalyptus blir brukt til å lage tremasse, papir, materialar til møblar og hus, trekol til stålindustrien og biodrivstoff. Frå eukalyptus kan ein òg utvinne oljar som blir nytta i farmasøytisk og annan industri.

Meir trevirke på mindre areal

Fordelen med eukalyptus er at det veks fort og toler fleire slags klima, og det blir gjerne meir tremasse per arealeining enn med den naturlege skogen i området. Eukalyptusen i Brasil blir hoggen etter sju år, og er da 27 meter høg. Likevel ønskjer FuturaGene å effektivisere produksjonen enda meir.

Selskapet hevdar at den genmodifiserte eukalyptusen, som har fått sett inn eit gen frå vårskrinneblom som påverkar strukturen i celleveggene og påskundar veksten, kan haustast allereie etter fem og eit halvt år. Det skal òg bli tjue prosent meir masse enn med vanlege eukalyptustre. Dermed er det meir pengar å tene samstundes som ein utnyttar arealet betre.

Omstridde plantasjar

Eukalyptusplantasjane i Brasil har lenge vore omstridde, blant anna fordi det blir brukt store mengder kunstgjødsel og sprøytemiddel. Det er færre artar her enn i naboskogane, og ein slik monokultur er meir sårbar for sjukdom og parasittar. Eukalyptusen treng òg meir vatn enn andre tretypar og vegetasjonen rundt plantasjane. Det kan senke nivået på grunnvatnet og gjere at elvar og bekkar tørkar ut.

Miljøorganisasjonar og organisasjonar for jordlause og urfolk kritiserer plantasjane for å ta landbruksjord frå lokalbefolkninga, fortrenge naturleg skog og setje helse og miljø i fare. Dei meiner genmodifiserte tre vil forsterke dei negative sidene ved treindustrien.

Utfordringar

Det er fleire utfordringar med å utvikle genmodifiserte tresortar. Trea skal leve i mange år, og eit tre som til dømes er genmodifisert for å stå imot sjukdom, må vere motstandsdyktig i fleire år og under ulike miljøforhold. Feltforsøk må gå over fleire år, og det tek derfor lang tid å utvikle trea.

Tre produserer òg store mengder frø som kan spreie seg langt av garde. Medan jordbruksplantar ofte veks dårleg utanfor åkeren, er trea som blir dyrka på plantasjar, nært i slekt med tre som veks vilt. Derfor kan frø spire langt unna, og trea kan lett krysse seg med ikkje-genmodifiserte tre. Skog fyller dessutan viktige oppgåver i økosystemet, og ein må undersøkje korleis dei genmodifiserte trea vil påverke plantar, dyr og mikroorganismar.

Poppel og furu

Andre stader i verda jobbar genteknologiselskap med andre typar genmodifiserte tre. Det første genmodifiserte treet som vart teke i bruk i treforedlingsindustrien, var ein poppel som lagar si eiga insektgift. Denne poppelen har vore dyrka i Kina.

Det amerikanske firmaet ArborGen ligg òg langt framme og utviklar mellom anna furu og eukalyptus som skal tole kaldare klima og dermed kan dyrkast i nye område. Dei forskar òg på tre som kan stå imot sjukdom, og tre som inneheld mindre av stoffet lignin. Mindre lignin gjer det lettare å bryte ned råstoffet til tremasse.

Siden ble opprettet: 26.12.2016. Siden ble oppdatert: 26.12.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter