18.12.2015

Forsøk med genmodifisert fiskefôr

Mating av oppdrettsfisk

To tredelar av fôret til oppdrettsfisk kjem frå plantar. Fisken får fôret som pelletar, små kuler som inneheld protein,
olje og mineral. (Foto: iStock)

Laks får olje frå genmodifisert raps i nytt norsk fôringsforsøk. Målet er å auke innhaldet av omega-3 i fisken.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Dei marine omega-3-feittsyrene EPA og DHA blir stadig meir etterspurte, både til fiskefôr og kosttilskot. Desse feittsyrene er mellom anna viktige for å førebyggje hjarte- og karsjukdommar, og finst først og fremst i fisk og sjødyr, som igjen får dei frå algar.

I dag får oppdrettsfisk berre ein tredel av fôret frå havet. Resten kjem frå plantar. Fordi det allereie blir fiska så mykje villfisk, må oppdrettsnæringa sjå seg om etter nye kjelder til omega-3. Genmodifiserte plantar er eitt alternativ. Matforskingsinstituttet Nofima skal derfor gjere fôringsforsøk med olje frå genmodifisert raps.

– Sjølv om omega-3-innhaldet i fisken i dag er halvparten av det det var i 1990, er laks framleis ei rik kjelde til omega-3, seier Bente Ruyter, seniorforskar i Nofima.

– Vi veit derimot ikkje kor mykje mindre omega-3 fôret kan innehalde utan at det går utover helsa til fisken, men det blir forska på det.

 

Fleire ekstra gen

EPA og DHA er lange omega-3-feittsyrer som ikkje finst naturleg i plantar. Det australske forskingsinstituttet CSIRO har utvikla genmodifisert raps som produserer EPA og DHA frå den korte omega-3-feittsyra ALA. For å få laga EPA har forskarane sett inn fleire nye gen frå blant anna algar i rapsen. Dei har òg utvikla ein eigen rapssort som produserer mykje DHA. Til det krevst det nokre ekstra gen.

Firmaet Nuseed dyrkar no rapsen på forsøksfelt i Australia. I første omgang skal Nofima teste ut om raps som inneheld DHA, eignar seg til fiskefôr.

– Vi skal undersøke korleis fisken veks, kor mykje som finst av ulike feittsyrer, og om helsa til fisken er god, seier Ruyter.

Nofima skal gjere forsøka ved forskingsstasjonen på Sunndalsøra, i anlegg på land.

Les også: Stopper dispensasjon for omdiskutert fiskefôr.

 

Alternative omega-3-kjelder

Viss oljen skal vere sunn, må det ikkje vere for mykje omega-6-feittsyrer i forhold til omega-3. For mykje omega-6 kan auke faren for betennelse i kroppen. Derfor er det sett inn eit ekstra gen i rapsen som gjer at omega-6 blir omdanna til omega-3. Slik blir det mindre omega-6 enn i vanleg raps, om enn litt meir enn i fiskeolje, opplyser Ruyter.

CSIRO har òg genmodifisert planten oljedodre slik at han lagar EPA og DHA. Oljedodre, Camelina Sativa på l atin, i nneheld fi re gonger så mykje av den korte omega-3-feittsyra ALA som raps. Men det er svært mykje omega-6 i forhold til omega-3 i den genmodifiserte varianten. Oljedodre har vore dyrka frå gammalt av i Noreg, men i liten skala. Fordi det allereie blir dyrka mykje raps i verda i dag, er det lett å nytte dei produksjonsanlegga som allereie finst for raps. Men det er ei ulempe at raps spreier seg lett og derfor kan krysse seg med annan raps og ville slektningar av raps.

 

Forbrukarskepsis

Firmaet BASF har òg arbeidd i fleire år med å utvikle omega-3-raps, og Rothamstead-instituttet i Storbritannia har laga oljedodre som produserer omega-3. Ingen av desse plantane er i sal.

Eit alternativ til å lage marine omega- 3-feittsyrer i plantar, er å bruke genmodifisert gjær. Slik gjær blir produsert innomhus på fabrikk i USA og er allereie teken i bruk i fiskefôr i Chile. Olje frå gjæren blir òg marknadsført som kosttilskot for menneske.

– Eg trur forbrukarane vil vere meir positive til GMO-ar som lagar omega-3 enn til dei GMO-ane som finst i dag, seier Odd Magne Rødseth i organisasjonen MarLife, som jobbar med biomarin innovasjon.

– Likevel vil aldri oppdrettsnæringa i Noreg ta i bruk genmodifisert fôr så lenge forbrukarane ikkje vil ha det.

Les også: Vil ikkje ha GMO-ar med gen for antibiotikaresistens.

Siden ble opprettet: 18.12.2015. Siden ble oppdatert: 18.12.2015

Relevante temasider

Flere nyheter

Arendalsuka 15. august: Persontilpasset medisin: Medisinsk forskning og klinisk bruk

03.07.2017

Persontilpasset medisin er ikke lenger en fjern fremtidsvisjon… Les mer »

Stilling ledig: Kommunikasjonssjef

03.07.2017

Vi søkjer kommunikasjonssjef for Bioteknologirådet i fast stilling… Les mer »

Ny stortingsmelding om bioteknologiloven

16.06.2017

I dag la regjeringen frem en stortingsmelding om.. Les mer »

Se video: Åpent møte om eggdonasjon i Norge og Sverige

15.06.2017

I Sverige har eggdonasjon vært tillatt siden 2003,.. Les mer »

Video fra konferansen «Nordic model for personalized medicine»

12.06.2017

This year’s Nordic Health Research and Innovation Networks.. Les mer »

DNA-tester: Et nytt verktøy for slektsforskning

07.06.2017

DNA-analyser gir slektsforskere nye muligheter, men reiser også.. Les mer »

Regjeringa forbyr GMO-raps og -mais

02.06.2017

Regjeringa har i statsråd i dag lagt ned.. Les mer »

Åpent møte i Oslo 15. juni: Eggdonasjon er tillatt i Sverige og forbudt i Norge. Hva kan vi lære av svenskenes erfaringer?

29.05.2017

I Sverige har eggdonasjon vært tillatt siden 2003,.. Les mer »

Norsk firma med ny vaksineteknologi

08.05.2017

Vaccibody opplever stor interesse for vaksineteknologien som de.. Les mer »

Se video fra frokostforedrag: Alger!

29.04.2017

  Alger kan brukes i energiproduksjon, sjokolade, kosmetikk.. Les mer »

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter