12.10.2016

Steril oppdrettslaks med genredigering

Laks i elv

Foto: Shutterstock

Rømd oppdrettslaks som parar seg med villfisk, er ein miljøtrussel for villaksen. Forskarar i Bergen håpar laks utan kjønnsceller kan vere løysinga.

Av Elisabeth Larsen  i tidsskriftet Genialt

Lakseoppdrett er ein viktig industri i Noreg, med ein omsetnad på over tretti milliardar kroner årleg og meir enn tjue tusen menneske i arbeid. Og marknaden veks. Verdsbanken presenterte nyleg ein rapport der dei slår fast at matproduksjonen frå havet må aukast frå dagens nivå på kring 160 millionar tonn til 260 millionar tonn i 2030, med andre ord ein auke på over 60 prosent. Folkeauken generelt og ein global middelklasse som aukar med meir enn 150 millionar menneske i året, vil sørgje for ein vesentleg auke i etterspurnaden etter sjømat.

SINTEF har rekna ut at oppdrettsnæringa i Noreg kan femdoble seg i volum fram mot 2030, men det norske lakseeventyret må overvinne fleire viktige hinder først. Eitt av dei er laks som rømmer og parar seg med villaks. I 2014 rapporterte Fiskeridirektoratet at over 300 000 oppdrettslaks rømde frå anlegga, og at mørketala kan vere store.

Første laks utan kjønnsceller

Anna Wargelius

Vi har laga verdas første laks utan kjønnsceller, fortel forskingsleiar Anna Wargelius ved Havforskingsinstituttet. Foto: Havforskingsinstituttet

I norske elvar finst det ulike stammar av villlaks, og kvar enkelt stamme har ein unik genetisk samansetnad. Gena avgjer mellom anna når laksen gyter, kor raskt han veks, og alderen ved kjønnsmodning. Rømde oppdrettshoer formeirar seg ofte med villaks, og dette utvatnar det genetiske materialet i den ville laksestammen. Det er ein stor miljøtrussel.

Staten og oppdrettsnæringa har brukt omfattande ressursar på å forske på sterilisering av oppdrettslaks for å redusere konsekvensane av fisk som rømmer. Anna Wargelius, forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet, leier eit prosjekt der dei brukar CRISPR-metoden på gena til laksen for å lage ein steril fisk.

– Vi har laga verdas første laks utan kjønnsceller, fortel Wargelius.

Laksen ser ut som ein vanleg laks, men han manglar kjønnsceller og kan derfor ikkje forplante seg med villaks dersom han rømmer.

Les også: Klare for genredigering?

Sterile fisk er eit mål

Overgang til steril fisk i oppdrettsbransjen er eit mål for næringa og for statleg forvaltning. I 2016 har seks oppdrettsselskap i Nord-Noreg og på Vestlandet vorte med på eit prøveprosjekt der over ein million sterile fisk skal setjast ut i sjøen. Desse sterile fiskane blir laga ved at befrukta egg blir utsette for høgt trykk og høg temperatur, slik at laksen blir triploid, det vil seie at alle cellene får tre kromosomkopiar i staden for to. Triploiditeten gjer at laksen blir steril, men også at han har høgare innslag av sjukdommar som beinlidingar og grå stær samanlikna med vanleg laks. Triploid laks er ikkje definert som GMO.

Dersom laksen utan kjønnsceller viser seg eigna for bruk i stor skala, kan likevel ei hindring i lovverket gjere at han ikkje kan bli teken i bruk. I dag vil laks som har fått endra gena, bli definert som ein genmodifisert organisme. Det gjer at reguleringa blir strengare, og ein må merkje fisken som genmodifisert i butikken. Det er usikkert om forbrukarane vil kjøpe fisk som er merkt som genmodifisert, og derfor er det ingen firma som torer å ta i bruk teknikken og gjere dei nødvendige investeringane. Anna Wargelius er frustrert over dagens regulering:

– Samanlikna med metodane ein nyttar i dag, meiner vi at sterilisering av oppdrettslaks ved å endre eit av gena til laksen vil gje betre dyrevelferd. Forskinga vår viser at denne genredigerte laksen har det like bra som vanleg oppdrettsfisk, og at han elles er normal, trass i at han manglar eit gen. Fleire land har avklart lovverket sitt slik at genredigeringa vi har gjort på laks, ikkje vil bli rekna som genmodifisering. Eg synest det er på tide at Noreg kjem etter.

Les også: Sjukdomsresistente grisar med CRISPR-teknologi

Siden ble opprettet: 12.10.2016. Siden ble oppdatert: 12.10.2016

Flere nyheter

I GENialt: Bidronningens hemmeligheter

21.10.2020

Hva vi putter i oss av mat, er.. Les mer »

I GENialt: Enkel blodprøve – kompliserte spørsmål

18.10.2020

Teknologien rundt analyse av fosterets DNA gir oss.. Les mer »

Sakskart til møte i Bioteknologirådet 16. oktober

15.10.2020

Tid: Fredag 16. oktober 2020 kl. 09.00-11.30 Sted: Sted: Digitalt,.. Les mer »

I GENialt: Genredigerte bananer – fremtiden for afrikanske bønder?

12.10.2020

Bananene på 1950-tallet smakte annerledes enn de vi.. Les mer »

Nobelpris til Charpentier og Doudna – CRISPR

07.10.2020

Årets Nobelpris i kjemi går til franske Emmanuelle.. Les mer »

I GENialt: Nye pingviner – nye gener

05.10.2020

I Akvariet i Bergen blir det stadig født.. Les mer »

I GENialt: DNA i politietterforskning

21.09.2020

De som har brukt sommeren til å se.. Les mer »

Ukens gjest: Synne Lerhol

16.09.2020

Har du fått med deg den siste utgaven.. Les mer »

Webinar 23.-25. September: DNA in police work: New methods, new challenges?

01.07.2020

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter